Strikkemønster på hytta

Dei mønstra platene er plassert i innhukk i fasaden, og vert ramma inn av brunbeisa panel.  Det mørke panelet roar det heile ned. I gavlane etablerte me inntrukne parti med arbeidsbenkar for snekring og matlaging. Utekjøkkenet har «strikkeplater» som bakvegg og benkeplate i irrgrøn Steni Colour i høgglans. Samme grøne plata til det store utebordet som kan stå ute heile året, og som tåler spyling med hageslange.

Materialet står i kontrast til alt anna i omgjevnadene, men glir likevel fint inn. Det grøne mønsteret finn fargemessig gjenlyd i skogen rundt.  På sikt vert eksisterande hytte skifta ut og nytt bygg vil danna eit tun med annekset.  Då vert ytterfasadane mørkbeisa og fasadane inn mot tunet i fargeglade Steni-plater.

Reaksjonen frå familien var vill begeistring; vårt hytteliv er som fasadeplatene – litt heimestrikka.

70-talls referanse

– Med strikkemønster i flammegarn vart ein sett effektivt tilbake til 70-talet då heimestrikka genser eller vest i flammegarn blei standardgarderobe